Langrenn på Liatoppen
Liatoppen Skisenter
Liatoppen Skisenter har stadion og løypenett som er sertifisert etter internasjonale krav. Anlegget er tilrettelagt både for langrenn og skiskyting og vert mykje nytta til treningssamlingar, skirenn og skiskyttarrenn.
Her blir årleg Bendit Liatoppen Skiskytterfestival med over 1.000 deltakarar arrangert, og både NM, norgescup-renn og europacup-renn har funne stad her. Snøen kjem tidleg på Liatoppen og snøforholda er svært sikre. Skisenteret blir derfor ofte nytta som reservearena då det er lite snø i låglandet.
Stadion og området rundt er og svært godt egna for variert barmarkstrening vår, sommar og haust.
MINIFAKTA
- Løypenett på 0,5 km, 1.25 km, 2 km, 2,5 km, 3,3 km, 4 km, 5 km, 7,5 km og 10 km.
- Lysløype 9 km.
- Skileikområde
- Skytebane/standplass med 32 skiver.
- Bygningar på stadion:
- Varmestue 2 stk
- Rennkontor
- Kjøkken
- Tidtakarhus med fire rom
- Speaker bu, 2 rom
- Garasjeanlegg m/boder
- Lagerbygning på standplass
- Toalett og dusj anlegg
Liatoppen Skisenter ligg øvst i Liagardane 950 moh. og direkte opp til Liapark. Løypekart for konkurranseløyper, løypeprofilar, ulike arenakart og web-kamera er å finne på skisenteret sin heimeside www.liatoppen.com
På stille vinterkvelder kan du ofte ha løypene helt for deg selv og trene så mye du vil.