image description
image description

Fiske i Liapark og omegn

FISKESONER SOM ER MED I
«STANGFISKE I ÅL»:

 1 A Hallingdalselva, Ål
 1 B Hallingdalselva, Torpo
 2    Opsjø
 3    Veståsen
 4    Fetjørni
 5    Svartetjern
 6    Votna
 7    Bergsjøkortet
11   Fødalen Statsalmenning
12   Toviken
14   Lya
15   Rødungen nord, Bergsjøområdet
16   Rødungen sør, Sangefjell
30   Torpo- og Opheimsåsen

 

ØVRIGE FISKESONER I ÅL:

33  Øvre Vatsfjorden
34  Søre Reine
35  Kvinda



For bedre kart se her 

 FISKESONER NÆR LIAPARK:

 1    Hallingdalselva,
 4    Fetjørni
 5    Svartetjern
 6    Votna
14   Lya
30   Torpo- og Opheimsåsen


  

 

1A HALLINGDALSELVA, ÅL

OMRÅDE: Frå Vangebrua i vest til Tingvollfjorden i aust.

MINUS: Opsjø, som er eiga sone, sørsida av elva frå stasjonsbrua
og vestover forbi bustadtomtene, nordsida av elva frå Bæra bru til
Tingvollfjorden.

SESONG: 01.01 -15.09

 
1B HALLINGDALSELVA, TORPO

OMRÅDE: Frå Tingvollfjorden i vest til Trillhus (grensa til Gol) i aust.

MINUS: -sørsida av elva frå Langhølen i vest til Gol grense, og eit
område nordvest for Tufteøyni.

SESONG: 01.01 - 15.09

 
2 OPSJØ

TILKOMST: Oppsjø grensar inn til idrettsplassen og Rv7 på
nordsida. IKKJE gå over dyrka mark.

SESONG: 15.05 - 15.09

 
3 VESTÅSEN

OMRÅDE: Vatna Prestjørne, Klypetjørne, Øyetjørne, Butjørne,
Hesttjern og Trolltjern.

TILKOMST: Til Prestjørne: Stig frå Dokki (mest nytta) eller stig
langs elva Kulu der den kryssar Nysetvegen. Handicapvennleg
fiskebrygge ved Hesttjern. Til Øyetjørne og Butjørne: Stig frå
Svanset eller Bosset. Til Hesttjern og Trolltjern: Skogsbilvegen
langs kraftlina. Kan køyrast både frå aust og vest.

SESONG: 01.01 - 19.09

 
4 FETJØRNI

TILKOMST: Køyr fjellvegen til Åsetno på Votndalsåsen.
Følg skilta vidare.

TERRENG: Vatnet ligg i skogsterreng med mange fine fiskeplassar.

SESONG: 20.06 - 01.09

 
5 SVARTETJERN

TILKOMST: Køyr fjellvegen frå Liatoppen mot Åsetno.

TERRENG: Vatnet ligg i bjørkeskog med ein del myr, fine fiskeplassar.

SESONG: 20.06 - 01.09

 
6 VOTNA

OMRÅDE: Frå omlag 1 km aust for utløpet frå Vatsfjorden Det er
vanskeleg terreng i nedre delen av elva.

TILKOMST: Fylkesvegen mot Vats. Fleire stigar er merka frå
vegen til elva.

SESONG: 15.05 - 19.09

 
7 BERGSJØKORTET

OMRÅDE: Over 20 vatn og tjern på eit felles fiskekort i
Bergsjøområdet. Bergsjøen, Veslebergsjøen, Kroktjørne V,
Bukketjørne, Søre og Nørdre Dyrebotntjørne, Bukketjørne V,
Lomretjørne, Bleikrei, Øvre- og Nedre Eitretjørne, Hovdatjørne,
Kroktjørne, Langtjørne, Storetjørne, Store Damtjørne,
Veavegtjørne, Djupedalstjørne, Damtjørne, Nedre Damtjørne,
Revtjørne, Tulletjørne, Lapptjørne

TILKOMST: Følg fylkesveg 244 mot Vats og køyr til Bergsjøområdet.
Alt. II: Køyr fylkesveg 244 til Leveld og derfrå vegen mot
Hemsedal til du kjem til avkøyringa til Reine og Eitrestølen.

TERRENG: Høgfjell.

SESONG: 01.06 - 15.09

 
11 FØDALEN STATSALLMENNING

OMRÅDE: Delar av Fødalsvatnet, delar av store Klevavatnet, vesle
Klevavatnet, Svartetjørne, Valevatnet, Steinevatnet, Jutulvatnet,
Trollbotn, Systrandtjørne.

TILKOMST: Følg fylkesveg 244 mot Vats, fortset vegen til Toviken.
Frå parkeringsplassen ved Mjølga/Toviki er det 1,5 – 3 timars gange.

TERRENG: Dette er eit vilt, vakkert og urørt fjellområde der ein
kan få store naturopplevingar utover fiske.

SESONG: 01.01 - 19.09

 
12 TOVIKEN

OMRÅDE: Strandsona langs Djupsvatnet mellom utløp Mjølga og
utløp Fossebrekka, Fossebrekka frå austbreidda og Mjølga frå
vestbreidda, nedre del av Store Klevavatnet.

TILKOMST: Som sone 11.

TERRENG: Høgfjell.

SESONG: 01.01 - 19.09

 

14 LYA

OMRÅDE: Elva Lya ned til Torsteinslåtta. Frå Kylleshamaren og
nedover fiske kun på sørsida av elva.

TILKOMST: Fjellvegar frå Opheim og Votndalen.

FISKEKORT: Også sjølvbetjeningskasse der Lya kryssar vegen på
Votndalsåsen.

TERRENG: Frå snaufjell til skogsterreng i dalsida.

SESONG: 20.06 - 01.09.

 

15 RØDUNGEN nord, Bergsjøområdet

TILKOMST: Fv 244 gjennom Vats og køyr til Bergsjøområdet.

TERRENG: Snaufjell/høgfjell.

SESONG: 20.06 - 19.09


16 RØDUNGEN sør, Sangefjell

TILKOMST: Køyr Rv. 7 til Kleivi i Ål, køyr der over brua og følg
vegen til Sangefjell.

OMRÅDE: Lov å fiske berre vest for Sundet.

FISKEKORT: Også sjølvbetjeningskasse ved steintipp på Tullestølen.

TERRENG: I skogbeltet.

SESONG: 15.06 - 19.09

 
17 LAUVDALEN

OMRÅDE: Klypestjern, Dammen, og Lauvdalsåne.

ATKOMST: Køyr til Leveld og ta av mot Hemsedal. Køyr til litt
forbi Lauvdalen.

FISKEKORT: Også sjølvbetjeningskasse ved vegen litt forbi

Lauvdalen.

TERRENG: Snaufjell/høgfjell.

SESONG: 15.06 – 15.09.

 
30: TORPO- OG OPHEIMSÅSEN

OMRÅDE: Buhovdvatnet. Langtjern, Breidsettjern, Steintjern og
Lya opp til Kylleshamaren. Nordre Øknevatn.

ATKOMST: Ta av frå Rv7 mot Torpo. Ta av mot Opheim rett vis
a vis Torpo stavkyrkje. Atkomst til vatna er merka med treskilt
utforma som ein fisk.

FISKEKORT: Felles sjølvbetjeningskasse for desse tre sonene ved
innkøyringa til fjellområdet, like før bommen.

SESONG: 15.06 – 19.09.

ØVRIGE FISKESONER I ÅL

 

33 ØVRE VATSFJORDEN

ATKOMST: Ta av riksveg 7 ved Gullhagen aust for Ål sentrum
og køyr vegen mot Vats, ca.17 km. Lov å fiske vest for raud/
kvit grensepåle.

FISKEKORT: Sjølvbetjeningskasse på husvegg vis a vis
Hallingdal Natur og Miljøsenter, Vats.

FISKESESONG: Heile året.

 

34 SØRE REINE

OMRÅDE: Staurtjern, Smørtjern og Øksetjern

ATKOMST: Køyr til Leveld, og ta av mot Hemsedal.
Sving av ved avkøyringa til Reine.

FISKEKORT: Sjølvbetjeningskasse på stølen Reine.

TERRENG: Snaufjell/høgfjell.

FISKESESONG: 20.06 – 19.09.

 

35 KVINDA

OMRÅDE: Sone 1 fra Rudhølen til - Jøtohølen, fluesone. Sone 2 fra
Stokksennvannet til Rudhølen, og frå Jøtohølen til Hallingdalselva.

TILKOMST: Via Kvinnegardslia til Holu, eller via Bakketeigen.

TERRENG: Skogsterreng

SESONG: 01.06 - 19.09

 

GENERELL FISKEINFORMASJON

Denne faldaren omfattar alle fiskesonene i Ål. Dei sonene som
er med i samanslutningen ”Stangfiske i Ål” er med på ordninga
med felles fiskekort for Ål. Desse er markert med raud farge og
sonenr. 1– 30. Dei andre fiskesonene er markert med grøn farge
og sonenr. 33, 34 og 35. Sonene omfattar mange ulike terreng,
frå dalbotnen til høgfjellet. Vær merksam på at nokre vatn er
delt mellom fleire soner eller delar av eit vatn ikkje er med på
fiskekortordninga.

 
Salstader for fiskekort: Fiskekort til sonene som er med i
”Stangfiske i Ål” kan kjøpast blant anna på desse stadene:
Ål turistinformasjon, G-sport Ål, Kolsrud Sport, Statoil, Hallingdal
Feriepark, Ål camping, Sataslåtten camping, Trillhus camping,
Rødungstøl høyfjellshotell, Bergsjøstølen.
Til mange av fiskeområda i Ål kan du og kjøpe fiskekort på web.
Sjå www.inatur.no. Til ein del fiskesoner kan fiskekort og kjøpast
på sms. Sjå gule oppslag der dette er mogeleg.
Nokre av sonene har også sal frå kasser i terrenget. For andre
soner er det sal på stader nær fiskestadene og/eller på veg
inn i sona.

Fiskesesong: Denne kan variere litt, sjå spesifiserte opplysningar
på fiskekortet og her i brosjyra.

Vinterfiske/ pilking: Nokre av sonene som har røye er egna for
pilking. Det gjeld Vatsfjorden, Rødungen Sør og Rødungen Nord.
For fiske på islagte vatn kjøper du pilkekort.

Fiskeslag: Ørret i alle soner. Det er innslag av sik i sone 3
Veståsen og sone 30 Norde Øknevatn. Det er røye i sone 33 Øvre
Vatsfjorden, sone 15 Rødungen nord og sone 16 Rødungen sør.

Tilkomst og grenser: Sjå kart for dei enkelte sonene. Veg med
betalingsbom inn til ein del av sonene.

 

Vasskraftregulering: Grunna reguleringa vil ein langs
elvestrekningane kunne oppleve raske endringar i vasstanden.

 

HUNDEHALD: Me ber alle hundeeigarar om å vera klar over
ansvaret sitt og halde hunden i band. DET ER BANDTVANG I ÅL FRÅ
1. APRIL TIL 31. OKTOBER.

 
ØREKYTE: Norsk: Elrise, Gørrkime, Gørrkyte, Gørsild, Gåleie, Kime,
Kue, Kyte, Løje, Pøyt, Simen. Samisk: Geadge – noarsa.
Svensk: Kvidd.
Ørekyta er den minste av karpefiskane våre. I inn- og
utløpsbekkar vil ørekyta kunne dominere heilt, og dermed
øydelegge desse som gyte- og oppvekstområde for anna fisk fordi
rogn og yngel er den viktigaste næringskjelda til ørekyta. Ørekyte
i fiskevatn er ei katastrofe for vedkommande vatn og vassdrag.
BRUK DIFOR ALDRI ØREKYTE ELLER ANNA LEVANDE FISK SOM AGN!
Spreiing av ørekyte har diverre skjedd bl.a. ved at folk har teke
feil av ørekyte og ørret og teke med seg ørekyta til nye vatn i den
tru at det var ørretyngel. Hugs at utsetjing av fisk berre må skje
etter løyve frå Fylkesmannen si Miljøvernavdeling.
 
FERDSEL: Så sant det er merka stigar - følg desse.

UNNGÅ FERDSEL PÅ DYRKA MARK.

OPPSYN: Oppsynet vert utført av grunneigarar og personar med
avgrensa politimynde.

SØPPEL/AVFALL: Ta dette med deg slik at det er ryddig til neste
fiskar eller turgåar kjem.

 
KULTIVERING: Delar av inntektene av fiskekortsalet går til
kultiveringstiltak. Har de kommentarar til merking, rydding av
vegetasjon eller anna kan de gje desse til Ål turistinformasjon.
 
KART: Skal du ut i framand natur/terreng bør du nytte gode kart.
For områda me sel fiskekort til tilrår me desse karta i: * Veståsen/
Sangefjell, * Reineskarvet, *Tur- og sykkelkart Hemsedal/Gol/Ål,
*Geilo-Hemsedal, *Aurlandsdalen-Hallingskarvet.
Andre kart kan også dekke delar av områda.
Sjå og Bergsjøområdet sin sommarbrosjyre.
 
TIL KARTSKISSENE I BROSJYRA: Grensene er retningsgjevande.
Eventuell merking i terrenget skal følgast sjølv om dette strir med
karta i denne brosjyra.

 
KONTAKTINFORMASJON:
Ål turistinformasjon/ Ål Utvikling AS
Tlf. 32 08 10 60 / post@alturistinfo.no / www.al.no
Utgjeve av Ål Utvikling AS og Stangfiske i Ål 06/2014.
•••••