image description
image description

Moro i Svartebergløypa

ALPINT
Ca 10 minutters kjøring fra Liapark ligg Ål Skisenter i Votndalen og er mykje nytta som treningsarena og til store alpin- renn (15 nedfartar).I Bergsjøområdet finn du Skarslia Ski- og Akesenter (4 nedfartar). Servering, skiutleige og kveldskøyring begge stader. Velger du Geilo eller Hemsedal så ligg det ca 25 til 40 minutter unna oss.

Ål Skisenter har årleg renn i slalom, storslalom og super-G. Kvar vinter blir eit av verdens største barneskirenn, Bendit Alpinfestival, arrangert her. FIS-renn og Europacuprenn finn og stad her.

For treningssamlingar og renn blir opningstider, preparering og tilrettelegging elles tilpassa din klubb sine ynskjer og behov.

Ål Skisenter ligg i Votndalen, 7 km frå Ål sentrum. Her finn du løyper av alle kategoriar, flott barne- og familieområde, jibbepark, kafeteria, skiutleige og skiskule. Kveldskøyring to dagar i veka.

Votndalen, tlf. 974 38 000, post@aalski.no, www.aalski.no