image description
image description

Treningssamling i Liapark

ARENA ÅL er Ål sin satsing på treningsgrupper og arrangement. Klikk her og du kjem rett til produktmanualen som fortel alt om kva Ål kan tilby trenings- grupper og dei som ynskjer å legge sitt arrangement til Ål i Hallingdal. Arrangementskommunen Ål i Hallingdal inviterer idretts- grupper, lag og klubbar på alle nivå, til å velje Ål som arena for effektiv trening og suksessrike arrangement. Gode gruppetilbod og tilrettelegging etter ynskje. 

For skreddarsydd gruppetilbod og meir informasjon – eller om du ynskjer andre aktivitetar: Sjå nettsidene og ta kontakt pr. tlf./ e-post. Eller kontakt Ål Turistinformasjon - post@alturistinfo.no / tlf. 32 08 10 60/ www.al.no

Liatoppen Skisenter
Liatoppen Skisenter har stadion og løypenett som er sertifisert etter internasjonale krav. Anlegget er tilrettelagt både for langrenn og skiskyting og vert mykje nytta til treningssamlingar, skirenn og skiskyttarrenn.

Her blir årleg Bendit Liatoppen Skiskytterfestival med over 1.000 deltakarar arrangert, og både NM, norgescup-renn og europacup-renn har funne stad her. Snøen kjem tidleg på Liatoppen og snøforholda er svært sikre. Skisenteret blir derfor ofte nytta som reservearena då det er lite snø i låglandet.

Stadion og området rundt er og svært godt egna for variert barmarkstrening vår, sommar og haust.

MINIFAKTA

  • Løypenett på 0,5 km, 1.25 km, 2 km, 2,5 km, 3,3 km, 4 km, 5 km, 7,5 km og 10 km.
  • Lysløype 9 km.
  • Skileikområde
  • Skytebane/standplass med 32 skiver.
  • Bygningar på stadion:
  • Varmestue 2 stk
  • Rennkontor
  • Kjøkken
  • Tidtakarhus med fire rom
  • Speaker bu, 2 rom
  • Garasjeanlegg m/boder
  • Lagerbygning på standplass
  • Toalett og dusj anlegg

Liatoppen Skisenter ligg øvst i Liagardane 950 moh. og direkte opp til Liapark. Løypekart for konkurranseløyper, løypeprofilar, ulike arenakart og web-kamera er å finne på skisenteret sin heimeside www.liatoppen.com  Løypene i Liatoppen Skisenter 

Ål Skisenter
Ål Skisenter er mest kjent for Svartebergløypa, ei av Norges beste storslalåmløyper. Både den og dei andre løypene i anlegget blir flittig brukt av dame- og herrelandslaget i alpint, og ei rekke klubbar og lag til treningssamlingar og renn. Ål skisenter har FIS-godkjente løyper for SL, SSL, SG og DH.

Ål Skisenter har årleg renn i slalom, storslalom og super-G. Kvar vinter blir eit av verdens største barneskirenn, Bendit Alpinfestival, arrangert her. FIS-renn og Europacuprenn finn og stad her. 

For treningssamlingar og renn blir opningstider, preparering og tilrettelegging elles tilpassa din klubb sine ynskjer og behov. 

Ål Skisenter ligg i Votndalen, 7 km frå Ål sentrum. Her finn du løyper av alle kategoriar, flott barne- og familieområde, jibbepark, kafeteria, skiutleige og skiskule. Kveldskøyring to dagar i veka. 

Votndalen, tlf. 974 38 000, post@aalski.no, www.aalski.no 


Ål Idrettspark, Bråta
Ål Idrettspark på Bråta i Ål sentrum er tilrettelagt for fotball (to kunstgrasbanar), friidrett, tennis, sandvolleyball og sandfotball. Her er og stort og funksjonelt klubbhus med mange fasilitetar. I august kvart år blir Ål-cup fotball arrangert her med bortimot 1000 spelarar frå 11-16 år.

Anlegget er eigd og blir drivi av Ål Idrettslag, og kan leigast av grupper og lag etter avtale. For utleigevilkår og prisar sjå heimeside eller ta kontakt pr. tlf/e-post. 

MINIFAKTA 

  • Fotballbane 105 x 67 m (kunstgras)
  • Fotballbane 90 x 50 m (kunstgrus, ny 2012)
  • 2xBallbane 60 x 40 m (gras)
  • Sandfotballbane
  • Sandvolleyballbane
  • Friidrettsanlegg 400 m
  • Tennisbane 2 stk.
  • Friidrettsbane 400 m (6 baner)
  • Klubbhus 370m2
  • Lagerbygg 30 m2

Ål Idrettspark, Bråta, www.fotball.aalil.no / aalfotball@hotmail.com Ål Skulepark

Sykkelparken
l
igg ved Ål ungdomsskule som innbyr til leik, ferdigheits- utveksling og mykje moro på sykkel. Passer alle ferdigheitsniva? og kan nyttast med alle type syklar. I omra?det finn du og klatrestativ, skateboardanlegg, sandvolleyball, benkar og bord. Gratis a? bruke og alltid ope. Sundrevegen 42, www.al.no

Ål Motocrossbane
Crossbane på ca. 750 m som er bygd mykje som ein supercrossbane. Pa? banen møter du spenstige hopp, krappe svingar og seksjonar av ulik vanskegrad.

Open tysdag/torsdag/laurdag og elles etter avtale for grupper.
Oppsjøtippen, tlf. 480 37 070 , www.facebook.com/AlMotocrossbane 

Hadding Skytebane /Leirduebane
Topp moderne skyteanlegg med 16 elektroniske skiver på 200m og 10 på 100m samt ein elektronisk løpende elgbane og leirduebane. Stort skyttarhus med festlokale for utleige. Instruksjon/gruppe-events etter avtale, våpen og utstyr kan leigast. Oppsjø.

Hadding Skyttarlag: www.dfs.no/hadding /tlf. 958 81 116, Ål Jeger og Fiskeforening, leirdueskyting: www.njff.no

Utandørs trening og aktivitet – vår, sommar og haust
Bruk fjella i Ål som treningsarena for variert og spennande treningsutbytte i frisk luft, enten de ynskjer å trene, konkurrere eller prøve noko nytt for variasjon og allsidigheit.

TOPPTURAR
Over 50 skilta og tilrettelagte vandre- turar i heile Ål. Korte, lette turar og krevjande toppturar. Sjå turskildringar, kart og høgdeprofilar. Turtips får du på turistinformasjon.

www.al.no / www.aal52.no

SYKKELTURAR
Milevis med skilta sykkelruter langs veg, f.eks Hallingdalsruta eller Skarvheims- runden. Eller prøv dei mange flotte fjell- og skogsvegane.

www.al.no

TERRENGSYKLING
Her kan du kjenne blodet bruse medan du set utfor i sykkelparken eller tek treningsturen langs stigar og grusvegar på fjellet. Guida turar samt utleige av terrengsyklar og utstyr.

www.al.no / www.hillbillymtb.com / www.mtbhallingdal.com

PADLING
I kano eller kajakk kan du padle på dei store fjellvatna høgt til fjells i Bergsjø- området. Sentrumsnært kan du padle på Strandafjorden.

www.al.no

ORIENTERING
Prøv o-løypene som ligg ute fleire stader i Ål, bli med på treningsløp eller lag dykkar eige o-løp. Orienterings- gruppa kan tilby instruksjon i bruk av kart og kompass.

www.aalil.no

KLATRING
Ta utfordringa og prøv klatrefelta i Sundreberget og på Sangefjell, eller klatreveggen i idrettshallen. Store buldresteinar ved Sando/ Torpomoen. www.al.no / www.aalklatreklubb.com

PARAGLIDING
Ut å fly? Flotte forhold og tilrettelagt startpunkt i Liagardane i Ål. Hallingdal Paragliderklubb kan tilby instruksjon og utleige av utstyr.

www.al.no / www.pghallingdal.com 

RIDNING
På hesteryggen får du alternativ trening og ny mestringsfølelse. Bli med ridetur til fjells, barneriding pa? trygge ponnier eller besøk ridehallen.

www.al.no / www.hestesenter.com / www.skarslia.no 

ALPINT
Ål Skisenter i Votndalen er mykje nytta som treningsarena og til store alpin- renn (15 nedfartar).I Bergsjøområdet finn du Skarslia Ski- og Akesenter (4 nedfartar). Servering, skiutleige og kveldskøyring begge stader. www.aalski.no / www.skarslia.no / www.aalalpin.com

LANGRENN
Ål har 400 km skiløyper med ulike profilar preparert for klassisk og fristil. Løyper i skogs- og høgfjellsterreng samt fleire lysløyper.

Liatoppen Skisenter er sertifisert etter internasjonale krav. Tidleg sesongstart! www.al.no / www.liatoppen.com / www.skisporet.no 

SKISKYTING
Skytebane/standplass med 32 skiver og ulike konkurranseløyper på Liatoppen Skisenter. Stadion og løypenettet der er sertifisert etter internasjonale krav. Bendit Liatoppen Skiskytterfestival blir arrangert årleg med ca. 1000 deltakarar. Instruksjon og utleige av utstyr til grupper etter avtale.

www.liatoppen.com / www.aalskiskytterlag.no 

HUNDEKØYRING
Lyst på fart og spenning? Då kan du prøve deg som hundekøyrar på fjellet i Ål. Tid, stad og pris etter avtale.

www.al.no 

KITING
Med ski eller snøbrett og ein kite er du klar for fartsfylte opplevingar på snø- lagte vatn og vidder i Bergsjøområdet. Kitekurs kvar helg, for grupper kurs heile vinteren etter avtale. Her finn du og landets einaste kabelbane på snø! www.bergsjostolen.no / www.kiteskolen.no

AKING
Skarslia Ski- og Akesenter i Bergsjø- området har to av landets lengste kjelkeakebakkar. Leig deg kjelke og sett utfor! Her kan du og bestille farmen- aktivitetar og servering i grillhytte. www.skarslia.no

KANEFART

Ein sledetur under stjernehimmelen vil være ein flott avslutning etter dagens fysiske aktivitet. Tid, stad og pris etter avtale.

www.al.no / www.hestesenter.com 


Hallingdals største treningssenter, på Thon Hotel Hallingdal opna i mars 2014. Fri individuell trening for dei som bur pa? hotellet. Andre kan kjøpe dagskort/ helgekort. Her er utstyr for styrke, kondisjon og smidighet som bl.a. tredemøller, spinningsyklar, ulike styrkeapparat og slynger. Sal for fellestrening/dans samt spinningsal kan leigast av grupper (maks 15 pers.). Opent alle dagar kl. 06.00 – 22.00. Sundrevegen 82, tlf. 32 08 20 11, www.thonhotels.no/hallingdal

Svømmehall
På Nedre-Ål skule i Ål sentrum er det 12,5 m basseng med til- høyrande garderobe. Opent for offentleg bading faste dagar pr. veke, ut over det kan hallen leigast av grupper. Det er og svømmehall på Torpo Skule og Leveld Skule som er i drift delar av året. Sundrevegen 43, tlf. 32 08 50 00, www.aal.kommune.no

Det er og svømmehall (klorfri) pÅ Ål Folkehøyskole og Kurssenter for døve i Ål. Dei har og teambyggingsbane m.m.
Bakketeigen, tlf. 32 08 26 00, www.al.fhs.no 

Al idrettshall
Fleirbrukshallen nær skulene i sentrum har banar egna for handball, volleyball og fotball. Kan og nyttast til konsertar m.m. (l.45 m/b. 28 m). Her er også møterom, garderobe, skytebane (l. 25 m / standpl. til 10 stk) og klatrevegg (11 m høg). Trådlaust internett. Hallen er kvar vår arena for Ål Cup handball som samlar 60-70 lag.

Sundrevegen 40, tlf. 32 08 50 00, www.aal.kommune.no / www.al.no

Arrangementsbygda Ål

I Ål er det ei lang rekke små og store arrangement kvart år. Mange av dei er innan idrett, og mange av dei er årlege tradisjonar med deltakarar som kjem att år etter år. 

Med sine mange funksjonelle arenaer og engasjerte lag og organisasjonar er Ål godt rigga for aå utvikle seg vidare som arrangmentskommune. Det å skape ei ramme rundt arrangementa slik at gjestene får ei oppleving utover det sportslege har stort fokus. Nye arrangement kjem stadig til, både i lokal regi og ved at arrangørar utanfrå vel å legge sitt arrangement til Ål. 

Verdt å nemne er: 

Bendit Alpinfestival – Bendit Liatoppen Skiskytterfestival
Ål Cup handball –Åll Cup fotball – Ål-dagen – Folkemusikkveka og Skjærgårds Vinterfestival. 

Ål Kulturhus midt i sentrum byr på kino, konsertar, teater m.m. Sjå info. og program på www.aal.kulturhus.no, tlf. 32 08 51 00. 

Sjå Ål sin arrangementskalender på www.al.no for oversikt over alt som skjer!